Eg tok ein tur innom wikipedia sida til SG:
http://en.wikipedia.org/wiki/Simon_GraysonViss ein sjekkar merittene som Leeds manager (under Managerial career - Leeds United), så er det noko dei fleste managerar ville vere stolt av. Eg skal ikkje heilt avskrive tanken om at det var på tide med nytt blod i managerstolen, men eg syns den hetsen SG var utsett for denne sesongen - og behandlinga han fekk av klubben har vore skammeleg.
Eg la også spesielt merke til sitatet: "We have 18 games to go this season and are still within touching distance of the Play-Offs, but felt with the transfer window now closed we needed to make the change at this time in the belief that a new managerial team will be able to get more out of the existing squad of players and make the difference". Dette er jo mildt sagt interessant i lys av det NW har utretta og hans utalelsar om manglar i spelargruppa. Viss klubben (Bates?) hadde hatt ryggrad til å stå bak denne begrunnelsen burde NW fått fyken etter sesongen.
PS! Dette er ikkje meint som eit anti-NW innlegg. SG sin tid er historie og eg ønskjer NW all lukke i jobben, og eg håpar han bruker neste sesong til å bevise at han kan skape eit vinnarlag av Leeds. Det burde imidlertid vere ganske klart at managerbyttet kom på verst muleg tid dersom målet var opprykk i år.