Mulig det har vore ein liknande tråd før, men eg tykkjer me kan dela vore tankar om det store backproblemet her. (evt copy/paste denna tråden i den gamle)
Kjelde:
http://www.leedsunited.com/page/LatestNewsDetail/0,,10273~1571063,00.htmlI fylgje Leeds si offisielle sider kan ein lese at "kafftein" Frazer og Hughesey er ute mot Scunny og kampen deretter mot Oldham, ja kanskje endå lenger. Med desse to ute, og samtidig at unge Gardner er frigitt av klubben er vi tynt besatt på høgre back, som alle veit.
Grayson klør seg nok hardt i hovudet med tanke på kven som passar best inn som back framover. Douglas har vikariert nokre minuttar på backen, men har aldri starta der. Rykter ville og ha det til at Prutton hadde trent ei heil veke føre kampen mot Cheltenham i tilfelle poteta vår Hughes ikkje vart friskmeld.
Vil Douglas behalda backplassen i kampane framover? Eller var han kun det einaste mogleg tilbodet Grayson hadde når skadane kom i kamp og ikkje før.
Ein back bør ha gode eigenskapar på hurtighet, taklingar, utholdanhet, posisjonering, pasningar og innlegg.
Slik eg ser det er det mange moglege utfall her: Kan ein midtstoppar bekle dene posisjonen? Bør ein midtbanespelar steppa inn? Eller vil rett og slett ein venstreback skifta side?
Av moglege spelarar eg meinar er dei rette til å fylle dette tomrommet er følgjande:
Douglas. (Har vikariert i kampens heite)
Marques. (Er forsvarspelar og høgrefotar.)
Prutton. (Har trent ei periode som erstattar)
Sheehan. (2 valg på venstreback)
White. (3 valg på venstreback)
Johnson. (4 valg på venstreback)
Om det blir Douglas på backen, vil det bli endringar sentralt på midtbana òg. Mogleg kombi mellom Howson og Delph?
Kva meinar dykk bør ta plassen på høgreback? Og evt sentral midt?