Eg meiner eigentleg ikkje å ta Bates i forsvar. For det første klarar han det fint sjøl, og for det andre er han ikkje veldig mykje meir populær hjå meg enn hjå ein del andre. Men når eg ser alle innlegga her som er hinsides fornuft, kunne eg ikkje la vere. At Bates handlar som han gjer fordi han hatar Leeds og Leedsfansen, eller at han gjer det fordi han vil bli hata av Leedsfansen blir for drøyt.
Bates har eit hovudmål med å eige Leeds og det er å tene pengar, og for å virkeleg tene pengar må klubben tilbake i PL. På det området er det uomtvisteleg at Bates og Leedsfansen har samme mål. Kvifor Bates ikkje spyttar inn meir pengar for å få klubben opp i PL kan ein berre spekulere i. Kanskje han ikkje har meir pengar, eller kanskje han er for gnien til å innsjå kor mykje pengar som skal til, eller (mest sannsynleg) veit han at uansett kor mykje pengar som blir spytta inn så er det ingen garanti for opprykk og skulle det misslykkast så er klubben tilbake i samme sumpa som før.
Når det gjeld takeover så har ikkje LUST så mykje truverdigheit igjen for min del. Det meste av informasjonen vi har om denne takeover'en kjem frå LUST, og eg må anta at det er kjøparane som bruker LUST for å lekke dette. (Om LUST har handla på eigenhand så kan det kun ha innverka negativt på prosessen). Såleis må ein tolke LUST sitt utspel for det som det eigentleg er: Eit partsinnlegg frå ein av to partar i ein forhandlingssituasjon. Viss det verkeleg er "end of story" så er eg sikker på at vi får høyre Bates sin versjon om ikkje så lenge. No skårar ikkje Bates så veldig høgt på truverdigheitsskalaen heller , men vi skal likevel vere forsiktige med å ta alt som kjem frå den eine parten for den heile og fulle sanninga.