Ian Harte bør ikkje kome tilbake. Ja, han har ein insane scoringsstatistikk denne sesongen, og vil definitivt bidra offensivt. MEN, vi skal hugse på at han er forsvarsspelar, og defensivt held han ikkje mål. Carlisle-fans kritiserar han sterkt for det defensive spelet, og legg skulda på han for mange av måla imot denne sesongen.
Vi treng nokon som kan føre denne klubben framover og oppover. Det gjer vi ikkje ved å hente ein 32-åring utan fart (men som slår gode frispark).
Angåande Sharp, så håpar eg inderleg han kjem. Har talent, ung, og er ein naturleg målscorar. Slett ikkje umogeleg at han kjem. Han har ikkje fått all verdens tillit i Sheff Utd, og har difor ikkje så stor grunn for å bli verande.