Er ikkje så veldig lei meg for at Warnock si tid er over, men fryktar litt at det skjer på verst mogelege tidspunkt. Hadde vore betre om han hadde fått sparken for eit par månader sidan, eller at han hadde blitt ut sesongen.
Eg har samanlikna Warnock med Terry Venables tidlegare her på forumet, og desse kjem til å bli rangert like dårleg på lista over Leeds' managers gjennom tidene. Til begge sitt forsvar kan det til ein viss grad 'seiast at arbeidstilhøva var vanskelege, og det er nok ikkje Warnock som har hovudansvaret for at stallen er dårlegare i dag enn då han tok over. Vi kan iallefall håpe på at fellestrekka med Venables fortsett, slik at Leeds avsluttar sesongen på samme måte som etter at Venables blei sparka.