Verden er rar. Då eg først las reaksjonane til dette "intervjuet", tenkte eg at no skulle eg få mitt "Kva var det eg sa" øyeblikk, sidan eg tidlegare har vore sterkt kritisk til Cellino i eit innlegg på forumet. Men så las eg "intervjuet", og eg må seie at min respekt for Cellino har auka betrakteleg etter dette.
Viss ein ser bort frå ein masse vrøvl som ein må forvente av ein full mann som får utløp for sin frustrasjon, så seier jo Cellino stort sett det samme som har blitt sagt på dette forumet i heile år:
+ Spelarane er overbetalte og presterer ikkje i forhold til løna dei får
+ McDermott er god til å prate, men kan ikkje leie laget
+ Tidlegare eigarar er kriminelle løgnarar som har tappa klubben for pengar
Det som imidlertid er mest interessant er grunnen til at han kjøpte klubben. Han har insett at han ikkje kan ta Cagliari noko lenger, men han ser at Leeds er ein klubb som har potensiale til å spise kirsebær med dei store. Respekt for fansen viser han også.
Eg er fortsatt skeptisk til Cellino som eigar, for han har tydeleg vist at han er ein mann som handlar før han tenkjer, men han viser også at han har evne til å lære av sine feil. Han seier at han hadde planar om å hente inn ein masse italienarar, men skjønar no at det kanskje ikkje ville vere så lurt.
Slik situasjonen er vil det beste for klubben no sannsynlegvis vere at Cellino får kjøpt klubben. Om han - så usannsyleg det no kan synest - klarar å jobbe sammen med McDermott kan det faktisk bli riktig bra. Eg har meir respekt for McDermott enn det Cellino viser, og eg trur det er viktig med ein manager som har styrke til å tale imot Cellino når det trengs. Det kan iallefall virke som McDermott har tru på at han har ein mulegheit for å jobbe med Cellino for han har sagt det einaste riktige som er å seie om dette "intervjuet": Dette var sagt i ein privat samtale og burde aldri blitt publisert.
Sannsynlegvis vil dette vere til skade for Leeds og Cellino. Dessverre er det blitt slik når einkvar amatør kan publisere materiale. Ã… ringe opp ein full mann og gje seg ut for noko anna enn det ein er og så publisere det er moralsk forkasteleg og har ingenting med journalistikk å gjere. Den einaste som burde ha fått eit dårlegare omdømme etter dette er mannen som publiserte dette "intervjuet".