Stemmer det, lojo. Veldig flink til å plassere seg. I feltet har han fortsatt noe å gå på, men heldigvis har vi fått inn spillere som kan rydde opp i luftrommet.
Silvestri blei fortent kåra til MoM allereie før pause av dei engelske kommentatorane i dag, men det er riktig å helle litt kaldt vatn i blodet på dei største entusiastane. Eg ser at fleire har gitt han 10 poeng i kamptråden i dag, men nokon plettfri kamp var det ikkje. Silvestri er ligaens beste målvakt på strek (og blant dei beste i England), men han har mykje å lære i feltarbeidet. I dag var det stort sett fråverande, men så var vi for det meste pressa så langt bak at det var trygt å halde seg på strek. I tillegg bomma han på klareringa av enkelte tilbakespel (som riktignok ikkje var av den enklaste sorten, men ein klassekeeper hadde handtert det betre).
Misforstå meg rett. Eg har stor tru på Silvestri. Han er ein ung keeper, og med meir erfaring vil han forhåpentleg forbetra feltarbeidet og då vil han vere ein keeper i verdsklasse.