No er dette riktignok ikkje ein Warnock tråd, men eg kan ikkje la kritikken stå uimotsagt. Eg trur denne kritikken er basert på misnøye med prestasjonar i fjor, meir enn i år. I dei kampane eg har sett i år har Warnock vore blant vore beste, og i minst ein kamp MoM. At det går an å hevde at han ikkje har offensive kvalitetar er ganske uforsteleg for ein forsvarar som har eit mål og minst to målgjevande hittil i sesongen. Det er lov å ønskje at unge lovande spelarar skal få sjansen, men å ha eit balansert lag med enkelte erfarne spelarar eg også viktig.
For å kommentere Cellino og laguttak, så er det vel ut frå det som har komme fram sannsynleg at Cellino har bedt om at Warnock ikkje skal få spele, men det er ganske langt frå det til at det er han som har tatt ut laget. Er ikkje heilt sikker på kva eg meiner om Milanic endå, men han virkar å ha ein viss integritet og tvilar på om han hadde tatt jobben om han kun hadde vore ein frontfigur for Cellino.