Dette var ein kamp som hadde eit forløp som vi har vore vant til i det siste. Leeds var på hæla frå avspark og virka nok ein gang som dei var overraska av å møte eit lag som kjempar frå første sekund. Etter å ligge under etter første omgang, starta dei mykje betre i andre for å få eit litt kontroversielt mål i mot, sjøl om ein må konstatere at dei tapte fortent.
Lite effekt av manager-byttet altså, men det ville også vere for optimistisk å vente noko anna. Eg er under den oppfatningen av at det ikkje er noko feil med ferdigheiter eller innsats til spelarar eller manager, men eit problem med psyke og sjøltillit. Dette var også Rad sin begrunnelse for managerbytte, og han har sikkert også rett i at ein god manager vil klare å snu dette. Det skal nok ikkje mange fleire kampar som i dag til før vi får krav om både PH og Rad sin avgang.