Skrevet av Emne: VAR - Video Assistent Referee  (Lest 8405 ganger)

0 medlemmer og 1 gjest leser dette emnet.

Milou

Sv: VAR - Video Assistent Referee
« Svar #60 på: Juli 01, 2018, 21:28:04 »
Eg skal innrømme at eg var imot VAR før VM, men har snudd i løpet av turneringa. Spesielt målet som Sør-Korea fekk godkjent mot Tyskland og som fortent sendte Tyskland ut av VM viser at det fungerer. Slutt på tjuvtriks og holding i feltet har det også i stor grad blitt.

Når det gjeld hands så er vel regelen at viljehands er ulovleg, men at det ikkje skal dømmast når ballen treff handen ved eit uhell. Om det ikkje alt finns retningslinjer på dette vil mitt forslag vere å dømme hands ved desse tilfella:
 1) Hand/Arm søker ball
 2) Det er rimeleg tid for spelaren å flytte handa slik at ballen ikkje treff
 3) Hand/Arm i unaturleg posisjon, f.ex. alle deler av arm/hand som er over hovudet, eller meir enn ein halv armlengde frå kroppen.

Ut frå desse retningslinjene var det ikkje straffe til Nigeria mot Argentina.