Etter sju kampar med full pott kom tapet. Det må me tåle, men det var, etter mitt syn, ikkje fortent at Hull tok alle tre poenga. Me hadde sjansar nok til å avgjere i vår favør. Fleire av spelarane såg slitne ut, og særleg var Klich, Roofe, Douglas og Ayling litt tafatte i går. Mange hyller Forshaw, men han har i mange kampar hatt fleire farlege tversoverpasninger som har vore upresise og han har fleire gonger mista ballen i farlege situasjonar. Likevel er han ein viktig mann for oss.
Me må akseptere at me i blant taper ein kamp. No handlar det om å gjere det best mogleg i dei resterande kampane, så får me ta opptelling i mai. Optimismen blødmer framleis hjå meg. Det blir spennande å sjå om me kjem til å bruke pengar i januar. Samstundes kjem truleg Bamford, Cooper og Brown til å vera klare mot QPR i FA-cupen. Kanskje hentar me heim Coyle og Wilks også. Då kan viktige spelarar få kvile, og samle krefter til dei siste 20 kampane.
Me er Leeds og me som har vore med sidan tidleg 70-tal har opplevd mange nedturar, og nokre store høgdepunkt.
Berre tida vil vise om me vil klare å rykke opp til våren.
Bielsa kjenner motstandarane våre litt betre no etter å ha møtt dei ein gong. Motstandarane våre kjenner også litt meir til Bielsa-ball, og kan hende finn dei mottrekk til det. Det blir uansett spennande tider på nyåret, og eg er veldig klar for ein retur til PL.