Hva fristes egentlig Bielsa av? Personlig tror jeg ikke han fristes av "toppklubber", men jeg kan ta feil.
Her trur eg du er inne på noko viktig. Kva var det som fekk han til Leeds i fyste omgang? Eg trur neppe at han her såg eit "easy win" (enkelt karrierehopp). Om det var tilfelle, så er jo det heller på ingen måte noko han eigentleg trong.
For nokre år tilbake, så vart det diskutert her på forumet noko slikt som "kven er verdas beste manager?". Fleire vart nemnde, deriblant Mourinho. I mine augo står ein manager langt større i kurs dersom han bevist klarar å "bygge" noko. Med det meiner eg å gjere noko større (annarleides) enn å vinne CL med ein CL tropp.
Det blir prinsippet, og så får ein bedømme alt etter forutsetningene. Bournemouth blir litt i denne gata, men ein må gjerne ta endå eit steg og to for å virkelig vise seg som ein verdensklasse manager.
Eg trur motivasjonen til Bielsa for å kome til Leeds må ha vore prosjektet. Ikkje pengane, ikkje at det var eit "enkelt hakk i karrierebeltet". Ei real utfordring, med ei enorm potensiell personleg gevinst - han klarte å få den forbannede klubben tilbake til PL, og kanskje meir. Heltestatus ligg ikkje langt unna for den som klarer det, og det veit nok Bielsa godt. Det får meg til å tenke - kan det vere ego som driv han? Han slår meg ikkje som ein person med stort ego - snarare tvert imot.
Prosjektet Leeds er det Bielsa likar. Eg trur han blir.