"Uansett vil det vere eit ran om kampen fortset i samme spor og rotherham klarar å få med seg poeng frå dette", skreiv eg i pausen. Det virka som at Rotherham også forstod at dei måtte risikere meir framover for ikkje å fortsetje å bli overkøyrt av Leeds. Det lukkast dei også bra med og dei var nærmare skåring i første halvdel av andre omgang enn Leeds.
Farke svara så med også å auke risikoen for Leeds sin del, og la om til 3 i forsvar. Heilt riktig valde han å risikere eit tap for å auke sjansen for 3 poeng. Etter det fekk Leeds overtaket igjen og hadde fortent å vinne sjøl om det ikkje lenger kan karakteriserast som eit ran at Rotherham sikra uavgjort. Det bør imidlertid nemnast at Leeds gjekk glipp av 2 straffespark, der den eine er soleklar (og sannsynlegvis skulle det også vere raudt kort på Peltier).
Forøvrig er det standard på forumet at når alt ikkje går Leeds sin veg startar jakten på syndebukkar, og eg anbefaler alle å lese blosse sitt innlegg. Bamford stod ikkje noko tilbake for Pirou og andre sine prestasjonar og var heller ikkje den einaste som var i offside, og om han var det så var det hårfint. Alt i alt, står eg på det eg sa i pausen at det kun var Summerville som spelte opp mot sitt beste, og ein kan mistenke at manglande opplading til kampen hadde sitt å seie.
Alt i alt, ein kamp som vi må rekna med at vi får nokre av i Championship. Vi er klart betre og vinn denne kampen 9 av 10 gonger, men ein kombinasjon av ineffektivitet, uflaks og avgjerande dommarfeil gjer at vi avgjer poeng. Dette er ingen katastrofe, men vi tåler heilt klart ikkje så mange fleire slike kampar om vi skal klare direkte opprykk.
Sent from my SM-S906U using Tapatalk