Etter ein heller skuffande kamp, der alle negative tanker kjem, er det kanskje vanskeleg å gje ein fornuftig vurdering. Her kjem likevel eit forsøk.
Warner: Virkar fortsatt solid. Enkelte dårlege innvolveringar i feltet, og utrygg med beina. Elles trygg.
Kelly: Leeds` beste. Med unntak av eit dårleg tilbakespel, er han trygg og med framover. (særleg i første omgang).
Butler: God i duellar i lufta. Dårleg støting langs bakken.
Kilgallon: Usikker første omgang. Suveren i andre (vinn alt av duellar i lufta). Også han dårleg å støte.
Crainey: God kamp. Viser ved enkelthøve at han ikkje har fart, men var so tidleg opp i motstandarne at han ikkje blei trua for ofte.
Stone: Trygg med ball. Men er ikkje ein naturleg høgre kant. Vandrer sentralt og gir rom til Kelly.
Derry: Skuffande. Ein dårleg pre-season som kjem til syne? Har problem med å jobbe ilag på midten. Slit med rommet bak seg. Kjem sterkare tilbake.
Westlake: Ikkje heilt overbevist. Jobbar bra, spring mykje, men pressar dårleg ilag med andre. Sel seg ofte. For mange balltap. Prøvar raske avleveringar.
Lewis: Er ofte vekke i periodar, men farleg nesten kvar gong han kjem seg fri. Ein nøkkel til farlege sjansar.
Healy: Småfint spel med Blake. Jobbar bra. Fislete avslutningar.
Blake: Mykje same som Healy. For lite punsj.
Bakke: Viser tidvis kva han kan. Roleg med ball. Fann ikkje heilt posisjonen sin. Må kome seg inn i feltet på innlegg.
Beckford: Positivt innhopp. Vann ein del duellar. Viste farten sin. Skapte liv og røre. Bør kanskje score. Friskt pust.
Carole: Fekk ikkje vist fram so mykje. Likevel enkelte teikn på at han kan bidra i framtida.
Henning.