Mine tankar rundt kampen er at Blake var den store spelaren på Leeds. Usynleg i periodar, men han hadde noko i kroppen som resten av spelarane mangla. Spesielt teknisk var han herleg å sjå på når han drog av spelarane. Det var tydeleg at Cressy har vore ute ei stund, men gi han nokre kampar så er han nok tilbake. Viste offerviljen sin ved fleire tilfelle, både på løp og i duellar. Westlake var grei i første omgangen, men synst han forsvann i andre omgang. Trudde på eit tidspunkt han var bytta ut, men dette var jo då ikkje tilfelle. Elles hadde Beckford eit par farlege sjansar, og han viste bra rykk i dei situasjonane. Men var samla sett skuffa over han.
Backane Stansfield og Camfield var på det middelmådige. Spesielt Camfield sleit i første omgang mot kjappe Addagio. Nettopp Addagio synst eg virka veldig spennande med ein enorm fart nedover linja, og ein del fine pasningar, mellom anna assisten til målet deira. Men Stansfield og Camfield heva seg i andre omgang, og kom sånn sett greit frå det. Marques held dette nivået, og viste grei fart. Men utover dette kan ikkje eg sjå at han har kvalitetar som gjer at han kjem til å spele seg inn på Leeds. Hird fekk stadige påpeikingar frå Geddis, mellom anna på plassering. Blei litt usikker på han pga dette, men som resten av forsvaret - greit. Enkelte slurvete hendingar, til dømes ved målet til S'buru, og ein farleg corner.
På midten starta som sagt Westlake bra, og viste han kan prestere, men han forsvann etter kvart. Av unggutane Cartman og Hutton imponerte førstnemnte mest, men begge begjekk likevel enkelte farlege feil som kunne kosta Leeds dyrt. Desse situasjonane kom spesielt ved høve der Leeds har kapra ballen, og kan setje fart på ballen. I staden brukar dei for mykje tid, og blir sprunge opp av motstandaren.
Elles kom jo Brown og Ameobi inn. Av desse to viste Brown seg å vere eit bittelite hurtigtog, men ingen av dei fekk spele seg heilt varme i trøya. Det var ikkje så mange sjansar i kampen, og dette finn ein uansett omtalt på LUFC sine sider. Ein greit gjennomført av Leeds, men ikkje meir enn ein skal forvente. Det mest gledelege var Cressy sitt comeback, og at Blake viste gode takter. Westlake må heve seg, og Beckford har fortsatt eit stykke igjen, men har likevel farten sin som gjer han til eit farleg våpen på kontringar.
Elles kunne eg godt tenkt meg å sett Howson og Rose. Såg begge på stadion, men Howson gjekk rundt og hinka, og kunne ikkje bøye eine foten. Elles var Concrete Carver på tribuna, og studerte sikkert spesielt formen til Cressy, Westlake og Blake.
- Rune
1. omgang: Southampton 3 Leeds 0
2. omgang: Southampton 3 Leeds 4
[
]
Job Done Preston, *******