Folkens, no maa vi huske paa ein ting. Det er fleire grunnar til at Butler og Gregan blei bytta ut. Dei grunnane gaar ikkje berre paa det reint spelemessige.
Gregan har faatt ufortent mykje kritikk av Leeds-supporterar. Han og Butler har hatt fleire gode kampar i lag, og saman la dei grunnlaget for den gode sesongen i fjor med mange clean sheets i ein periode naar Killa var ute.
MEN, ein ting er korleis dei spelar, ein anna er det som foregaar elles i klubben. Butler har ikkje spelt godt i aar. Ein anna ting er at han paa mange maatar har blitt eit dome paa den daarlege moralen som var(/er?) i Leeds. Alle har vel hoyrt historia om naar KB lurte paa om spelarane var interessert i golftur til Portugal, men Butler gjorde valet for spelarane og takka nei. Trur Butler hadde ein
svaert negativ effekt paa laget, og dette er nok hovudgrunnen til at han har blitt sendt ut. Og kva er viktigast? Eg vil hevde det er betre aa hente inn ein spelar som kanskje er daarlegare, men som ikkje bryt klubben ned moralsk sett.
Naar det gjeld Gregan veit ein ikkje like mykje, men det er sannsynleg aa tru at vi maatte ha betalt ein sum ved hans neste kamp pga 75 spelte kampar. Ein anna ting er at Gregan nok var blant dei som var 'grossly overweight', slik at han neppe kunne spelt med det forste uansett. Pga dette synst eg det er greit at han og forsvann.
Naar det gjeld dei vi har henta inn held ikkje Heath maal. Derimot er Ugo av ein heilt anna klasse enn det Butler og Gregan nokonsinne har vore. Riktig nok viste ikkje han mykje av den klassen i gaar, men eg trur fortsatt det finst ein del fotball i Ugo om han faar nokre kampar. Og eg foler meg sikker paa at om Killa kjem tilbake saa blir det han og Ugo i midtforsvaret.
Ser ein paa resultata, saa har dei vore langt betre under Wise enn det dei var for han kom inn. 3 sigrar, ein uavgjort og fire tap. Nokre av tapa kunne vi med litt meir hell i alle fall tatt poeng i. Saa baade resultatmessig og av andre grunnar meinar eg det var eit lurt val aa kvitte seg med Butler og Gregan.
- Rune
1. omgang: Southampton 3 Leeds 0
2. omgang: Southampton 3 Leeds 4
[
]
Job Done Preston, *******