Mykje godt stoff i bladet. Lika bokryggen, og intervju med folk frå innsida.
Startar på starten:
Adelskalendaren- synst det er greitt at ein kortar ned lista, men at ein ikkje har moglegheit å slå rekorden bør ikkje vere grunn til å stryke nokon. (ikkje lett å slå rekorden til gamle gutta i leeds, med tanke på antall kampar og scoringar, men dei fortjenar hederen okke som)
Leeds United Diary- Synst det høre med i bladet, sjølv om vi har lest eller hørt alt før. greitt å ha det i bladet for seinare mimring.
Kampreferat- varierande. Greitt at det er kort, men bør skrive meir enn gjentakelse av målscorarar og minuttet dei scorte i.
Kampoversikt- Kan godt få tilbake kampoversikt med lagoppstillinga for kampane gjennom heile sesongen.
Pluss for reserve og u18 tabell og resultat.
Resten av bladet inneheld stort sett intressante artiklar, likar særleg intervju med folk på innsida. Spelarar, juniorspelarar, også medlemsportrett er bra------einaste ein må passe på her er å få ein struktur i bladet.
Ein skal vete kva som kjem først og sist i bladet. Dette vil nok komme etterkvart som eg blir vant til måten dykk lagar det til, men bør kanskje finne ein måte å skilje dei forskjellige artiklane på.
Eitt eller anna som gjer at med ein gong ein opner ei side veit at her kjem "spelarpresentasjon", her kjem "analysen". Har klart det med enkelte ting, som medlemsportrettet, rett før vi går i trykken osv, mens enkelte andre berre går inn i kvarandre.
Over all, veldig bra jobba.