Prøver meg på ein annleis type kamprapport, inspirert av magasinet LLL.
Bad: Mister buss med 20 sekund og tog med 1 minutt, som gjer at eg ligg dårleg an til å rekke kampen.
Good: Møter ein Leeds-fan og to Norwich-fans på togstasjonen som også er seint ute.
Bad: Siste supporterbuss er vekk inn til stadion.
Good: Står ein maxitaxi der, med ein hyggeleg sjåfør som gladeleg kjører oss til stadion for £4.
Bad: Mister dei første 3 minutta og 34 sekunda av kampen og ser til min forundring at Hughes/Bromby er stopparar, Johnson venstreback og Beckford venstrekant.
Good: Naylor kjem inn med bandasje på haudet og rokkerar spelarane tilbake i normale posisjonar.
Bad: Ein ukjent spelar på topp.
Good: Viser seg å vere nyinnlånte Vokes, som viser seg fram med gode bevegelsar og pasningar.
Bad: Blir meir og meir usynleg utover i kampen.
Bad: Higgs har eit par merkelege innvolveringa.
Good: Klarer å redde seg inn og hindre scoring.
Bad: Må ut med skade tidleg i kampen.
Bad: Ankergren sklir under oppvarming og går rett i bakken.
Good: Blir ikkje skada.
Good: Johnson stig høgt til værs og ordnar 1-0.
Bad: Taper duell seinare i kampen og 1-1.
Bad: Norwich har alt i alt det meste av spelet i første omgang og utfordrar Hughes gang på gang.
Good: Kjem ikkje til dei altfor store sjansane.
Bad: Norwich forsett å styre i starten av andre omgang.
Good: Leeds setter inn på nye spelarar og tar over kampen.
Bad: Beckford bomma, bomma og bomma, mens Norwich- keeper Forster har ein glimrande redning.
Good: Forster med eit dårleg utspark og Beckford får endeleg tuppa ballen imål.
Bad: Er sjuk og har bestemt meg for å ikkje synge eller skrike under kampen.
Good: Kven bryr seg! Beckford kjem springane rett imot meg og stemninga er FANTASTISK!!!!!
Good: Alle ekstatiske Leeds-fans.
Bad: Vaktene plukkar ut ein som ikkje har gjort noke gale. (Ikkje meg:))
Bad: Lang busskø.
Good: Ein liten rusletur inn til byen gjer berre godt for kropp og sjel.
Good: Hører nokre nordmenn inne på stasjonen, som synst det kunne vere lurt å ta ut nokre penger. (Var det du?)
Bad: Er sjølv frykteleg svolten, men må nøye meg med å kjøpe ein cola.
Bad: Maskina vil ikkje ta imot pundet mitt, mens 50P ikkje vil ut.
Good: Får hjelp av ein hyggeleg Norwich-fan, som synst Kandol var tunga på vektskåla.
Bad: Maskina virka fortsatt ikkje.
Good: Får endeleg ut 50P og prøvd ein annan maskin.
Bad: Toget er fullt.
Good: Fullt av Leeds-fans.
Good: Høre eit par norske jenter på toget.
Bad: Dei synge sanga av Øystein Sunde.
Good: Rekke siste bussen heim.
Bad: Er skikkeleg sleten og trøtt.
Good: Har ein fantastisk følelse og kan sove lenge imåra.