Folkens, det er ein bra deal me har fått her. Først vil eg sei at eg forstår bekymringane til folket som er kritisk til denne signeringa. Eg er av den oppfatning, som mange andre forumskribentar her inne, at McCartney ikkje er noko dårleg alternativ. Derimot er det disposisjonen til Grayson me stiller eit spørreteikn til.
Ã…rsak: Leeds har ein stall på heile to-og-tredve (32)! mann per dags dato. Me veit Grayson er glad i lånemarkedet, og her kom det jammen ein til på tampen.
Uansett, McCartney har ein solid CV og vise til og at han kan vere med å løfte nivået defensivt trur eg han maktar.
White var, etter mi meining, ikkje helt med på notene mot Doncaster. Etter kva eg såg var han ved fleire høve feilplassert i angrep mot, og var uheldig med forseringane når han prøvde seg framover på bana. Gutten vår fekk god hjelp av ein arbeidssom Johnson i denne kampen.
Det er tydeleg å sjå White sine begrensiningar då han framleis er ung, uerfaren og duellsvak. På den andre sida ser eg eit stort potensiale med hurtighet og teknikk som fremste våpen.
Det eg vil fram til er at i den fysiske ligaen Championship er, meinar eg White eit lite hakk for liten. For all del, han ein god back-up og fin til å sette inn på tampen, men då helst ute på kanten. Desverre er han ikkje klar til å ta venstrebacken til sin eigen endå.
Bessone er ein anna spelar som har slitt i år. No er han skada, og blir ikkje å finne i troppen i kampane framover reknar eg med. Det same kan seiast om Ben Parker.
Johnson har fungert OK på midtbana til Leeds, og der blir han verande. Ingen grunn til å setje han i ny posisjon no. Då ser eg heller han på benken og inn med Snoddy. Dvs me står att med Hughes som alternativ. Gode gamle Hughesy har vikariert på høgrebacken i fråværet til Connolly som også er ute med skade for ein kortare periode.
Eg konkludera derfor det månadslange lånet med ein spelar av McCartney sitt kaliber til å vere ein god deal og velkommen til klubben skal han vere.
Om han fortenar å gå rett inn på laget til fordel for White får Grayson og co vurdere. Om han er i fysisk bra form trur eg han blir å finne i startoppstillinga mot gamleklubben Sheffield United på Lørdag.
Då er det duka for ny tv-kamp folkens. Marching on together