Eg var på kampen i går og det var vanskeleg å tru at dette var samme laget som spelte på laurdag. Offensivt var det lite som stemte. Leeds sleit med å etablere spel, pasningskvaliteten var generelt dårleg og dei få avslutningane vi kom til var tragiske. Riktignok stod Hull fram som eit mykje meir aggresivt og betre lag enn Southampton, men det forklarer ikkje alt. Dårlegast av alle var Webber, som hadde eit bra innhopp mot Southampton. Eit par ganger fekk han ballen i ein overgangsmulegheit og kunne ha skapa ein klar målsjanse med riktig pasning, men gjekk i staden på ein meiningslaus egotripp og mista ballen til sist. Becchio, McCormack og Snodgrass jobba alle knallhardt, men lukkast med lite offensivt. Spesielt Snodgrass var skuffande.
På den positive sida var det defensive spelet betre. Med unntak av ein 5 min periode mot slutten av 1. omgang, då Hull hadde 3 klare målsjanser hadde Leeds stort sett bra kontroll defensivt. Lonergan var Leeds beste, og spesielt Lees var også god, men resten av forsvaret får også godkjent.
Kampen kan best oppsummerast frå kommentaren til Hull-supporteren bak meg midtveis i 2.omgang: "Leeds are really terrible aren't they? But they could still beat us."
Eit lite hjertesukk til NW vs. SG diskusjonen: Ein manager kan kun vurderast over ein lengre period (minst ein sesong), og det blir ganske meiningslaust å vurdera NW som manager etter 3 kampar spesielt sidan han har arva SG sin stall. Det var etter mi meining feil å sparke Grayson på det tidspunktet det skjedde (med mindre det var andre årsaker enn resultatene). Leeds hadde fortsatt ein reell sjanse på opprykk, og eit managerbytte på dette tidspunktet svekka sannsynlegvis sjansene. Men eg håper Warnock "proves me wrong".