Viss ingve meiner at Roberts er ein betre spelar enn Raphina, så er det forståeleg at han ikkje blir tatt alvorleg. Men viss han meiner at det har vore kampar i haust der Roberts har spelt betre enn Raphina så er eg einig i det. Raphina hadde ein formdupp i haust, mens Roberts spelte nokre av sine beste kampar.
Phil Hay sa på siste Phil Hay show at Raphina hadde sin beste kamp for Leeds mot West Ham. Eg er ikkje sikker på om eg er einig i det, men at han spelte opp mot sitt toppnivå er ganske sikkert, og det er eit nivå som Roberts enda ikkje har inne.
Når det gjeld Roberts, så er han omlag der Bamford var for 3 år sidan. Jobbar hardt og godt, men slit med å skåre mål, samtidig som skadar gjer at han ikkje kjem ordentlig i gang. Mange Leeds-fans både her på forumet og elles i verden hadde gitt opp Bamford, men Bielsa hadde trua på han, og det må vel seiast at Bielsa fekk rett til slutt.
Bielsa virkar å ha trua på Roberts også, og sjøl om det er langt frå nokon garanti, så håper eg at han har rett denne gangen også. Eg har iallefall større tillit til han enn den gjennomsnittlige forumdeltakar (meg sjøl inkludert) når det gjeld å vurdere forballspelarar.
Og til slutt, til alle som ikkje tåler å sjå Roberts spele for Leeds, kanskje de kan rette sinnet mot Bielsa i staden for Roberts? Det er Bielsa som tar ut laget. Roberts gjer kun så godt han kan, for det er vel ingen her som i fullt alvor meiner at Roberts ikkje gjer så godt han kan?
Sent from my LYA-AL10 using Tapatalk