Det er med stor undring at eg konstaterer at mange av forumet sine elles så fornuftige deltakarar, syns at Luscos bør drivast etter metodar som blir brukt av Ku Klux Klan eller AKP/ML på 70-tallet (utan nokon samanlikning forøvrig). Det finns eksempel på saker som bør bli handtert internt i Luscos, f.ex. taktikk foran neste supportercup, svertekampanje mot ManU supporterklubb eller forhandlingstrategi overfor reisebyrå for å få best muleg pris på fellesturer til Leeds.
Den generelle drifta av klubben, årsmøtesaker eller kven som stiller som kandidater til styret bør det ikkje vera nokon grunn til å halda unna offentlegheita. På lang sikt vil hemmeleghold av Luscos-saker vera meir skadeleg for supporterklubben enn kva som evt. vil komma fram i ein open debatt. Eg vil tru at så og seia alle som er aktive på dette forumet anten er medlemmer eller potensielle medlemmer. Ã… invitera flest muleg til ein debatt rundt Leeds og Luscos, må vera den beste strategien til å verva fleire medlemmer.
At diskusjon rundt enkeltsaker i klubbdrifta bør haldast i medlemsbladet for å unngå offentleggjering er nermast latterleg. Skal medlemsbladet bli sendt hemmeleg til medlemmer (slik Klassekampen på 70-talet, igjen utan samanlikning forøvrig), og kun vera for medlemmene sine auge? Det må vera i Leeds og Luscos sin interesse at medlemsbladet når ut til flest muleg. Det samme må gjelda informasjon om Luscos generelt. Viss drifta av Luscos må haldast hemmeleg er det eit ganske sterkt varsko om at ting ikkje er som dei burde.
Når det gjeld moderator sin rolle, så syns eg generelt at moderatorar er flinke til å la mest muleg passera. Det er mange innleg eg kunne ha lyst til å fjerna her inne, men eg vil heller sjå det på trykk enn å ha nokon som bestemmer kva som skal vera lovleg, med unntak av klare overtramp på greie forumsreglar. Når moderator som stiller til val på årsmøtet slettar innlegg som diskuterar dette årsmøtet, virkar imidlertid dette uklokt, men velger å tru at det var gjort i beste hensikt (og eg har ikkje lese innlegga dette gjeld).
Eg ser også at det er i fert med å bli laga eit forum som blir reservert til medlemmer. Dette er greitt nok, men av grunnar som eg har nevnt tidlegare, vil det vera uheldeg for Luscos om for mykje av debatten blir flytta til eit slikt forum. Ein anna sak som kan vurderast for å begrensa dei mest ekstreme ytringane, er å kreva fullt namn og email-adresse på alle forum-medlemmene, om det enkelt lar seg gjennomføra i praksis.
For ordens skuld: eg er ikkje medlem i Luscos, men har vore det tidlegare. Som Leedssupporter, tidlegare og potensielt framtidig medlem, tillet eg meg likevel å ha interesse for debatten rundt Luscos og ha meiningar om dette.