Gjekk glipp av første omgang(toga her borte jobbar imot meg), so den går eg forbi i stillheit. Anna at eg spurte eit par supportera som synst det hadde vore ein bra første omgang.
Andre omgang starta bra, Leeds visste pasningssikkerheit og sjølvtillit. Likte veldig det eg såg, i ein liten periode. Roa seg litt ned, og etter kvart bølga det litt fram og tilbake. Sat heile tida med ein følelse av at spissane til Norwich var hakket betre enn forsvarsspelet tilLeeds. Ein liten og ein stor på topp skapte problemer. Likevel var det Leeds som hadde dei få halvsjansane, fram til dei utligna. So irriterande. Kan ikkje dei renske dinna ballen langt opp på tribuna?
Etter dette fortsatte det og bølge fram og tlbake, men dei såg litt farlegare framover enn vi gjorde. Sjølvtillitten og pasningane forsvann også frå fleire spelarar. Kandol hadde eit fint gjennomløp, men avsluttninga blei for dårleg.
Og so kjem scoringa som eg blir dårleg av. Blake tar corner. Vi har corner! Sentrar utanfor straffefeltet til thompson, som ikkje får lagt den der han vil, so i staden for å avslutte, berre avslutte angrepet lemper han ballen opp i lufta 5-6- meter foran seg inn i feltet. Ballen kjem ut igjen. Der Nicholls taper ein duell, og den raske på Norwich blir tilslutt spelt igjennom. Ein mot ein mot Richardson, blir Frazer desverre berre ryggande, og 2-1.
Etter dette skaper vi eit par halvsjansar. Har eit par rop om straffe, veit ikkje kor reelle dei var, men minna om hands den eine. Heilt i slutten går lufta verkeleg ut av oss. Den raske får herje som han vil, og har fleire store sjansar til å gjere 3-1.
Skal ikkje gje noko spelarvurdering sidan eg berre såg andre omgang, men litt kan eg seie.
Frazer gir oss ein dimensjon framover som vi treng, ikkje redd for å gå på lp den mannen. Men treng ein solid defansiv spelar foran seg, Hadde Sa på tirsdag, men ikkje idag.
Howson fungerar bra som ein hengande spiss/offansiv midtbane, der han jobbar veldig bra, og riv motspelet i stykker. Men er avhengig av ein komponert midtbane, då han sel seg til tider.
Derfor bør han ikkje spele viss Blake er på midtbana. No spelte vel Blake spiss igår, men såg av og til ut som 4-5-1, og Blake vandrar sann som det passar han.
Nicholls skuffa. Missar på dei heilt enkle pasningar, og virkar utilpass ut på der. Ser at han prøver å vere kaptein ved å piske medspelarar, men fekk ikkje til noko sjølv. Douglas gjorde ein mykje betre jobb som opprydningsgutt foran egne stopparar på tirsdag.
Thompson viser ro der han vender enkelt på egen banehalldel,og held ballen i laget. Holdt på å drite seg ut ved eit tilfelle, og hadde dårlege frispark/conerar idag.
Det må eit under og mykje pågangsmot for Kandol å snu fansen i hass retning. Blir bua på i heile andre omgang. Noko rettvist, men eg trur ikkje han scorar på neste sjanse når han får so masse pepper etter å ha bomma på eit skudd.
Alt i alt verka formasjonen og systemet mykje betre på tirsag. Kan ha noke med spelardisposisjonar.Blei også mykje plassbytter, om det var bevisst eller ubevisst veit eg ikkje. Såg jo berre andre omgang, so kan jo ha vore heilt annleis i første. Nicholls kan for alt eg veit ha rula bana då. Men vi sleit med spissane deira som var bevegelege.
Litt frå tribuna. Sjølvironi når tilskuertalet blei lest opp:
"We`re not famous anymore"
Og ein som har blitt fortalt her tidlegare:
Norwichfansen: "Going down, going down, going down"
Leedsfansen: "So are we, so are we, so are we"
Elles var det veldig lett stemning mellom suporterane til laga, og applauderte kvarandre etter synging osv. Riktignok kan det ha vore ironisk nokre gangar, men var absolutt ikkje noko krig. Også utanfor, gjekk begge supportergruppene ut samtidig, utan noko som helst trøbbel.
Uansett, eg har trua på tre poeng mot Palace og tre poeng mot QPR.
Henning.