Før kampen:
Opp kvart på fem, for å møte opp på Elland Road klokka 7. Vart for sein sist gong, so var tidleg ute dinna gongen. Tre bussar med retning Cardiff. Dei første timane gjekk med til litt soving, sjøl om det ikkje var det enklaste med 15 cm. fram til neste sete. Ein halvtimes stopp ein eller anna plass for litt påfyll, før reisa gjekk vidare. Ved ankomst Cardiff, eller litt før Cardiff stoppa vi igjen. Denne gang for å få kampbillettane våre, og for å møte polisen. Første gang eg har fått politieskorte.
Stadion til Cardiff var delt inn i seter og ståplassar. Sjølv om eg hadde fått billett til å sitte, var der plass på ståseksjonen. So fekk dei eldre supporterane sitte foran oss som vil stå på kamp.
Kampen:
Kampen starta i høgt tempo. Vi verka motiverte og pressa høgt. Vann ballen ofte høgt i bana. Resulterte i nokre lange baller imot, og sjølv om eg frykta løpsduellane i forsvaret vårt, kom ikkje Cardiff til nokre sjansar. Ankergren holdt på å drite seg ut, når han brukte for lang tid på eit tilbakespel, og Chopra fekk nesten blokkert utspelet hans. Vi viste ein del bra spel framover, hadde posession, vann duellar og trykte på. Kom til ein haug med cornera, og ein del nesten sjansar. Men skudda blei blokkerte i siste liten.
So vendepunktet i kampen. Rui og Douglas går opp i samme duell. Ser det lenge før det smell at det kjem til å gå gale. Rui er vel den som kjem bakfra, og bør sjå at Douglas og går for den. Feil i kommunikasjonen, men viser litt av tenninga som var å sjå i første omgang. Foxe kjem inn for Rui, mens Douglas er i garderoba og blir lappa saman. Vi spelar 10 mot 11. Cardiff tar ikkje over på nokon måte, men ein dårleg klarering av Sa blir plukka opp av ein Cardiff-spelar, som blir takla klønete rett utanfor 16-meteren. 1-0. Heilt imot spelets gang.
Andre omgang: Douglas er komt inn igjen med ein diger bandasje rundt haudet. Spelet frå første omgang er ikkje til å kjenne igjen, og Leeds klarer ikkje å rste av seg nedturen frå rett før pause. Cardiff har brukbar kontroll utan å skape noko sjølv heller. Wise prøvar å bytte for å endre kampbiletet, men lykkast ikkje.
Chopra får sitt andre gule for ein alboge mot Foxe, etter at Foxe nettopp hadde fått gult for det samme mot Chopra. Syns kortet til Foxe var billig, men var verfall konsekvent rett etterpå. Chopra sin såg litt verre ut, og greitt at han rauk.
Hektisk aktivitet på benken. Trur Nicholls var ut på sidelinja 5-6 ganger i løpet av resten av kampen for å få rettleiing frå Wise/Poyet. Det etterlengta presset frå Leeds kom desverre aldri. Cardiff la seg bakpå, og klarte å bryte opp spelet til Leeds. I staden var det Cardiff som fekk straffe, etter ein hands av Kandol. Såg rett ut frå min vinel. Men herleg redning frå dansken.
Etter dette tok Leeds meir over, utan å skape dei store sjansane. Etter at Walton fekk sitt andre gule, for filming. Såg litt hardt ut, ettersom det ikkje hadde blitt gitt gult kort for filming tidlegare i kamoen. Men mogleg Walton sa noke, mens han låg og sprella på graset. Leeds hadde ballen mykje, men sleit med å bryte ned Cardiff-forsvaret. Kom til to brukbare sjansar. Eit overlegg frå høgre gjekk heilt over til Lewis som stod relativt aleine, men måtte vente på at ballen skulle sprette og ein forsvarer fekk kasta seg i blokk. Douglas fekk den siste sjansen. Fekk bra treff frå 20 meter, der ballen stussa i bakken. Men desverre gjekk den rett på keeper.
God første omgang, litt skuffande andre omgang, men føler absolutt vi hadde fortjent noke ut av kampen. Sjølv om dei fekk to utvist og brant straffe.
Ankergren: Glimrande strafferedning, elles ein god redning når han forflytter seg rask på bakerste og kjem tidleg og blokkerar eit skudd. Nesten tabbe når han brukar for lang tid på eit tilbakespel. Målet såg enkelt ut, men fekk ikkje med meg at han var feilplassert. Verkar som ein gos shotstopper, men ikkje autoriteten som trengs.
Sa: Sleit litt med ein god Whittingham. Er litt for roleg i enkelte situasjonar, og hass dårlege klarering som resulterar i mål. Likar betre å sjå han på midten med Richardson bak seg.
Rui: Full kontroll før han måtte ut. Samarbeidet med Heath blir betre og betre.
Heath: Også han ein brukbar kontroll. Sleit på slutten av kampen når han blei den som måtte starte angrepa.
Lewis: Hadde bra kontroll defansivt, og viktig brikke offansivt. Vårt klare førstevalg på backen.
Blake: Ikkje heilt i form. Viser til tider det han kan, men bommer på for mange pasningar.
Nicholls: Litt usikker på han. Viser vilje og til tider god pasningsfot. Særleg på crosserar. Før han plutseleg har eit par underfunderlege pasningar til ein Cardiffspelar.
Douglas: Ikkje like god som tidlegare kampar, men gir alt og også blitt litt rolegare med ball.
Westlake: Blir usynleg. Litt plasseringsusikker defansivt. Men grei å ha, når Lewis gå framover.
Moore: Jobbar bra, vinn ein del haudeduellar og jaktar bakrommet. Uheldig/udyktig på nokre situasjonar der han blir spelt igjennom.
Kandol: Hass beste kamp. Vinn nesten alt av haudeduellar. Kom med fart inn i duellane, i staden for å stå i ro og hoppe som han har gjort tidlegare. (Kanskje noke Wise har jobba med). Sæleg god første halvtimen, og siste 10 minuttar, når vi slår mykje langt. Desverre vann vi ikkje andreballane. Klønete hands før straffa.
Foxe: Gjer absolutt sine saker greitt. Har eit par reddande inngrepen på slutten.(redning på strek. Slit også han når han skal sette igang spelet på slutten. Ikkje noke teknikar, ilag med Heath gjer han det enkelt.
Healy og Cresswell: Vart usynlege og fekk ikkje gjort so mykje når dei kom inn.
Wise: Har fått inn sjølvtillitt i pasningsspel og kjemping i gjenvinningsfasen i første omgang. Fekk ikkje snudd kampen etter målet. Var aktiv med dirigering etter utvisningane, men lykkast ikkje.
Walton og Mcphail: Walton var direkte svak i første omgang. Var satt på Kandol på dødbllar og tapte alt. Også mange feilpasningar. Kom seg etter pause. McPhail trur eg ikkje spelte, såg vertfall ikkje noke til han.
Supporterane: Stor stemning heile første omgang, då vi kjører kampen. Uverdige sangar om Jones(etter mi meining), som ikkje passar seg på forumet. Men det omhandla barn. Bør halde oss for gode til sant. No gjorde ikkje Jones det betre ved å vise diverse handbeveglsar som Iversen ein gong gjorde til ei dommar, men likevel.
Ridsdale slapp unna ganske billig. "Ridsdale, are you happy now"
Stemninga dalte etter scoringa, men kom seg igjen etter første utvisninga.
Fekk ikkje med meg kva Cardiff-supporterane sang, men plutseleg storma halve massen forbi meg og mot Cardiff- supporterane. (Kan tenke meg det var noke om Istanbul). Var masse politi og eit nett imellom, so var vel aldri fare for noko alvorleg. Politiet berre sto der med kamera og filma roleg.
Elles var det mindre buing mot Kandol enn tidlegare. Skulle berre mangle, sidan han spelte bra. Nokre prøvde å få i gang supportersang om han, men utan suksess. Etter handsen, ropte mange OFF,OFF,OFF, ikkje særleg smart, spør du meg. Cresswell blei sungen om heile kampen, men når han kom inn blei det buing. Grunn: Det var ikkje Kandol som blei bytta ut.
Etter kampen blei vi holdt igjen ei stund, før vi omringa av politi blei geleida ut til bussane. Eit par hundre Cardiff-supportera venta på oss og kom med visse ytringar. Politieskorte tilbake igjen. Slapp verfall unna trafikkkøane, og ei lang reise heim igjen til Elland Road og tog tilbake til York.
Henning.