Prutton er ingen dårleg spelar. Han er berre ikkje ving. Han jobbar hardt, taklar bra, har blikk over spelet. Han var ein gong i tida Englands største talent. Då spela han samen med Jenas, snetralt på midten, og ein betre spelar. Dawson og Harewood var andre talent på Nottingham denne tida. Soton kjøpte han som sentral midtbanespelar for 3 mill pund(?) og han var fast materiale i premier league, før han blei sinna på dommaren...
Det er klart at han er ein spelar som vil yta meir motstand i ein midtbanekrig enn det Howson eller Kilkenny vil gjera. Han spring meir enn Thompson og er etter mi meining minst lika god som Hughes. (sjølv om eg fekk eit positivt inntrykk då eg såg Hughes live i Forest kampen)
Det at han er blitt brukt som høgrekant er uforståeleg. Grunnen ligger på Thorp arch der eg kan banne på at han gjer eit positivt inntrykk, og Macca har ikkje råd til å ha han på benken. Dermed må han spela.
Då blir han den spelaren som må bekle høgrekanten sidan han gjere meir innsats enn vingane me har i stallen frå før. Om Macca tør å satse på klassiske vingar med Carole og Sorsa evt Sweeney trur eg vil medføra meir fin fotball og meir angrep enn med Prutton som kant. Men med Prutton sentralt og desse på kantane kan det bli skikkeleg bra, trur eg.
Ein anna grunn er at Macca vil ha stabilitet og defansiv organisasjon fordi han er som alle andre, nemleg redd for å tapa fotballkampar.
Mange snakkar om målet til Forest. Greit at det er ein Prutton som ikkje ofrar seg i duellen. Trur dykk at Carole ville ha tatt det løpet heim i forsvar? Uvisst!
Personleg likar eg Carole. Han er ein uforutsigbar klassisk ving med teknikk. Han er ikkje direkte rask, men forsvarerane likar ikkje å spela mot han. Han har òg laga 3 mål for oss i tillegg har han 7 assist. Som er godkjent for min del.
Det me må håpa på er at Macca/Staunton har balla nok til å satse på vingspel framover.
Problemet ligg i at vi har kun ein brukbar ving, nettopp Carole. Derfor blir det vanskeleg å kome unna tre (sentrale) midtbanespelarar på bana samtidig, og Prutton er den som får den vanskeligaste jobben, og må ta skylda når me har motgang. Og det pga at han er den spelaren som ikkje kjem rundt på kantane og gode innlegg. Verken Howson, Hughes eller Kilkenny ville vore ein betre høgrekant.
Tilbake til Carole, kvifor får ikkje han spela? Problemet ligg på treningsfeltet. Gjer han nok innsats? Fortener han ein plass på laget etter det Macca ser på treningane? Kven veit, men ein ting er sikkert, Prutton må overbevise ein plass.
Kva signal sender manageren vår ut, om ein som ikkje holder mål på trening skal starte kampar. Kva framtid går da rekruttane våre mot?
No er det kamp mot Doncaster. Eit lag over oss på tabellen, eit lag i betre form enn oss, eit lag med sjølvtillit og eit lag som nettopp har slått oss på heimebana.
Eg er optimist og i morgo blir det poeng og Prutton blir dagens spelar.