Skjønnar meg ikkje heilt på dei som seier dei ikkje blei imponert av Kasper når han stod for Shitty. 21 år gamal, slapp inn 5 mål på 7 kampar, og storspelte mot fleire av dei store laga, inkludert Arsenal og Scum.
Med mindre Kasper rotar det veldig til i pre-season, så kjem han garantert til å vere førstekeeper. Han er nok klubbens best betalte spelar og det største talentet i klubben. Higgs har vist seg som eit solid alternativ, men fjorårssesongen viste diverre også at han er skadeutsett. Kasper er framtida, Higgs er ikkje. Gledar meg til å sjå han i aksjon, ein kanon førstesignering! Tenkte at vi gjerne skulle ha hatt han når eg såg han blei fristilt frå kontrakten i Notts County, men såg på det som urealistisk. Gledeleg overrasking!