Ville spekulasjonar sjølsagt, men her er min teori om kva som har skjedd: Cellino begynte å blande seg inn i McDermott sin jobb allereie før kampen på tirsdag (Festa på benken osv.), men McDermott nekta og la seg styre av ein potensiell ny eigar. Cellino, som er vant til å få det som han vil, tålte ikkje dette og stilte ultimatum til GFH om at McDermott måtte få sparken før kampen i dag elles ville han trekka budet sitt.
Etterkvart som det har gått opp for GFH (og kanskje Cellino også - sjøl om eg tvilar på det) at dette ikkje har gått riktig for seg og at McDermott har gode kort på handa i eit søksmål kom kunngjeringa om at han ikkje har fått sparken likevel.
Om det er aldri så lite sanning i denne teorien, er McDermott ferdig som manager, med mindre Cellino sin overtaking av klubben går i vasken (som forstatt ikkje skal avskrivast). Men dette kjem nok til å bli dyrt for Cellino (og dermed også Leeds). Ganske amatørmessig opptreden av både GFH og Cellino, som gjer grunn til bekymring.