Kjem ein liten rapprt fraa min forste bortekamp med Leeds.
For kampen: Tog tog fraa York og fann raskt bana. Lite folk naar eg kom, provde aa vere tidleg ute for ein gongs skyld og det var i allefall to timar til start. Men billetten min hadde ikkje kome, so eg maatte uansett vente paa billettkontoret ei stund. Naar eg so kom inn var det fortsatt lite folk, men eg horte diverse Leedssangar runge i bakgrunnen. (Dei fleste varma seg visst ved kiosken.) Naar det nerma seg start var det fortsatt lite folk paa tribuna, og eg som trudde det skulle bli full brakke. Meldinga om at kampen blei 15 min forsinka pga. trafikkproblemar var derfor ikkje uventa. (Og eg synst speakeren sa at det var det hogste tilskuerantallet nokon gong.)
Kampen: Starta ganske brukbart for Leeds. Hadde kontroll bakover og brukbart pasningsspel framover. Maalet til Heath kom paa motsatt side av der eg sat, men han fekk vel ein flikk/fot paa ballen etter eit frispark fraa Thompson? Stemninga var hog i Leeds svingen. Etter kvart roa det seg litt ned, hadde fortsatt brukbar kontroll, men skapte ikkje allverden. I tilleggsminutta fekk Hull eit par enkle/billege frispark, og paa eit av dei scorte dei sjolvsagt. Litt likt som mot WBA. Faar ikkje renska ballen vekk, og etter klabb og babb gaar den i maal. No vaakna faktisk Hull fansen, og etter maalet var den einaste gongen eg horte dei synge. Til pause etter ein grei omgang, men surt med maalet i mot.
Det skulle likevel ikkje ta lang tid for vi var i front igjen. Kandol blir holdt igjen, naar han nesten har fri bane mot maal. Kunne diskuterast om det ikkje burde vere raudt kort. Sjolv om eg ser det med kvite auge. Eg trur alle paa tribuna venta paa noke spesielt no, og det kom. Thompson la den elegant i hjornet, og vi var igjen i front.
Resten av kampen bolga litt fram og tilbake, Hull hadde eit par halvsjansar, og det samme hadde Leeds. Viste ein del bra pasningspel.
Forst paa slutten blei det skikkeleg nervost, og ved eit tilfelle var eg sikker paa at dei ville utligne paa overtid igjen. Takk skal du ha Douglas for den herlege taklinga.
Men heldigvis holdt det inn, og jubelen kunne sleppast laus. Eller fortsette for stemninga paa tribuna var bra heile vegen.
Sullivan: Ingen tabber. Halte ut tida i heile forste omgang, og lata som han ikkje forsto dommaren naar han paamerka det. Til stor jubel fraa tribuna putta han handa inntil oret, for aa paapeike at han ikkje horte kva han sa. Solid kamp, med enkelte daarlege utspark.
Richardson: Hadde problem i forste omgang, naar han maatte springe med nasa mot eige maal. Hadde god kontroll naar det ikkje var kontringar. Framover var han god, med mange lop, god teknikk og god innsats. Tidlegare har han slete med innlegga, men kom ikkje til innlegg i dag. Gjekk heller forbi eit par spelarar og sentra enkelt ballen vidare.
Heath: Mykje betre enn Foxe i forrige kamp. Vant ein del duellar, og samarbeidet med Rui fungerte bra. Fekk ikkje med maalet skikkeleg men det var sikkert fint.
Rui: Han er verkeleg ein populaer spelar for supporterane. Kompromisslaus i taklingar, men verkar samtidig roleg. Hadde ein glipp paa sluttetn men blei redda av Douglas.
Lewis: Bra kontroll defansivt, untatt paa slutten av forste omgang daa han blei lurt eit par gongar, og laga frisparket som leda til maalet. Gode bidrag ofansivt.
Sa: Trudde lenge det var Carole som spelte. Like smaa begge to. Solid defansift i duellar. Ikkje fullt so med offansivt. Men klarer seg veldig bra paa den plassen.
Douglas: Kjempar bra. Hadde horribelt pasningsspel i starten av kampen, men kom seg. Vinn mykje duellar etter kvart.
Thompson: Viste ro, og styrte kampen i andre omgang. Herleg maal. Sleit ogsaa han litt i starten.
Howson> Litt anonym til tider, men ser at spring det han kan. Viste ogsaa imponerande teknikk i andre.
Kandol: Opp og ned. Berre du kan faa lofta beina dine i duellar, so hadde du vunne alt. Viste styrke i enkelte delar av kampen, men det blir for sjeldent. Ikkje serleg populaer balnt fansen. Var nere eit raudt kort paa tampen.
Healy:
Ogsaa han er opp og ned. Jobbar veldig bra enkelte ga No gaar pengane ut paa internett i Hull. (Kjem tilbake med resten seinare paa dagen.)
Ja, daa var eg endeleg tilbake i York, og kan fortsette rapporten.
Healy ja, viser storre vilje no enn tidlegare, sjolv om han glommer seg av og til. Men absolutt godkjent.
Blake: Viser som vanleg teknikk, held paa ball bra, noko som var viktig i sluttminutta.
Crainey: Ja , saag ikkje so masse til han.
Einarson: Viser styrke i haudeduellar.
Publikum: Herleg endeleg aa faa staa paa eit stadion, og synge ut for full hals. Stemning var stor i mesteparten av kampen. Ja faktisk i heile. Eg sang med paa dei fleste, sjolv om det var noken eg ikkje kunne. Spelarar som blei tilsungen var: Blake naar han varma opp. Frazer naar han kom paa eit 50 meterslop med ein mann i helane. Fekk tilslutt frispark. Thompson gjennom heile kampen, og Rui etter kampen. Den som fekk mest pes gjennom kampen var Windass. "You f.. bas...." Bridges fekk obligatorisk buing naar han kom inn, elles var det mest Hullfansen som fekk hore det. "You only sing when your fishing". Fansen oppforte seg bra dei, sjølv om det var eit par fulle folk som klemte ein liten gut kvar gong vi scorte.
Etter kampen: Siste tog tilbake gjekk klokka 8, so no maatte eg finne meg ein maate aa kome meg heim igjen. Saag at ein av bussane utanfor stadion sto Hull paa, og skulle til aa sporre om dei hadde ein ledig plass, daa det saag ut til aa utarte seg. Var verfall heftige diskusjonar rett utanfor bussen so eg fann ut at berre skulle gaa vidare. Problemet var at vi blei geleida ut i motsatt retning av der eg kom fraa, so turen tilbake til busstasjonen( eg kunne jo vere heldig) som skulle ta 20 min, tok 1 time og 15 min. Dette etter aa ha spurt eit par tre hullfans. So daa gaar eg midt blandt Hullfansen, og har utruleg lyst til aa ta av meg jakka og synge ut "Marching on ....." Men fant ut at det var best aa la vere.
Tilbake paa togstasjonen fann eg ut at neste tog gjekk 06.10, og klokka var no ca. 12. Og busstasjon viste det seg at dei ikkje hadde lenger. Tenkte eg skulle overnatte paa stasjonen, men blei bedt fint om aa stikke sidan dei skulle laase stasjonen. Dei foreslo ein bar som hadde ope til 6, men det var berre dunkdunk musikk, so eg tok heller inn paa eit hotell.
Spurte om no-smoking, men det stinka jaggu dritt der.
For direkte til Leeds og saag reservekampen, for eg seinare paa kvelden for til newcastle, og saag carew nesten score.
No sit eg i york igjen med ein kraftig forkjolelse, og maa ta det med ro eit par dagar til neste kamp mot Norwich.
Henning.